Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksArtiklar Gå til hovedinnhold

View Part 

"Hyttebyklar"

Det er om lag 2400 hytter / leiligheter i Bykle kommune. Eigarane av desse fritidsbustadane vart tidleg omtalt som "Hyttebyklarar" av Bykle Radio og begrepet har fest seg skikkeleg. Mange har hatt hytte her i mange år og kjenner seg heime i kommunen. Stor bruk av hyttene over heile året har mykje å seie for dei næringsdrivande og sjølvsagt for dei store aktivitetsbedriftene som Hovden Badeland og Hovden Skisenter.

Bykle kommune har kontakt med hytteeigarane gjennom 42 etablerte hyttevel, spredt ut over heile kommunen. I fleire år har kommunen invitert leiarane av vela til eit informasjonsmøte i starten av kvar påske. Har du spørsmål til administrasjonen? Ta kontakt på postmottak@bykle.kommune.no eller ring 37938500.

Golfbanen Hovden Turistkontor / Destinasjon Hovden har nyttige opplysningar om opningstider, aktivitetar og arrangement over heile året på Hovden og i Bykle.

GREITT Å VITE:
- Hytterenovasjon:
  • Henting av avfall er kvar måndag.
  • Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS - 37930040
  • Bykle kommune, sentralbord/Informasjonen - 37938500
  • Septikservice, for tøming av septik - 38000490
- Tykkås Gjenvinningstasjon - opningstider: 1. laurdag i månaden frå kl 09.00 til 15.00. Kvar torsdag: kl 12.30 - 18.30

- Kjøp og sal av eigedom: Då treng du eigenerklæringsskjema N 356.

- Hovdebru Parkering: Mens du er på hytta kan du la bilen stå, varmt og godt i P-hus - under bakken, midt i Hovden sentrum! Det er gratis å parkere om du berre har eit kort ærend. Betalingsordninga fungerer ved at du set inn bankkort for å få opna porten når du køyrer inn. Når du skal ut, sett du inn kortet att, og beløp for den tida du har stått, blir trekt frå kortet ditt.

- Satsane for parkering er:
Inntil 45 minutt - Gratis
Kl 06:30 - 17:00 - Kr. 10.- per time (maks kr. 50.- per døgn)
Kl 17:00 - 06:30 - Kr. 05.- per time (maks kr. 50.- per døgn)
Fast plass - Kr. 3.500.- + mva per år


- Tannlegen i Bykle:
Bestill time på telefon 37938617. For akutt hjelp andre dagar - prøv tannklinikken i Valle 37937588.

- Legekontoret i Bykle - telefonbestilling 37938670. Ope kvar dag (mån - fre)

- Arrangement og hendingar dag for dag. Sjå våre nettsider under
"Kva skjer"

Info 

Redaktør 11.08.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar