Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksArtiklar Gå til hovedinnhold

View Part 

Svineinfluensa - informasjon frå Helseavdelinga - 05.01.2010

Vaksinasjonen mot svineinfluensa (Influensa A, H1N1) - Vaksinasjon i Bykle:
Medisin, Fotograf: Redaktør

• Alle innbyggarar i Bykle har fått tilbod om vaksine. I tillegg har ein del skuleelevar blitt vaksinert. Totalt har det blitt vaksinert ca. 700 personar. Nokre personar har fått 2 vaksiner i samsvar med retningslinjene frå folkehelsa. Dei personane som skal vaksinerast 2 gangar er informert om dette. Det var ei stund tale om at born under 10 år skulle vaksinerast 2 gangar, men retningslinjene no er at ei vaksine er nok i denne omgang. Vaksinen varer ikkje meir enn 1-2 år, om 1 år er det aktuelt å vaksinere på nytt for nokon, andre kan vente 2 år. Retningslinjene for korleis dette skal gjennomførast er ikkje klarlagt ennå.

• Helseavdelinga vil oppfordre dei som ikkje har fått vaksine om å vaksinera seg. Sjølv om influensaepidemien synes å vere på retur er han ikkje over. Det at epidemien er mindre omfattande i Noreg skuldast blant anna massevaksineringa. I Bykle har vi vaksinert ein stor del av befolkninga, nesten 70 .%. Folkehelsa reknar med ein ny topp i epidemien seinare i vinter.

• Alle som ønskjer å få vaksine må ta kontakt for å avtale vaksinasjon. Vaksinen kjem i pakningar på 10 og dersom pakninga blir opna må vaksinen nyttast innan 24 timer. Ein må difor planlegga og ”samle opp” dei som vil ha vaksine framover og gi vaksinen på einskilde dagar.

For meir informasjon og bestilling av vaksinasjon: kontakt: Bykle legekontor tlf. 379 38 670 eller send ein e-post til: torun.morenskog@bykle.kommune.no

Info 

Redaktør 05.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar