Kunngjering av planvedtak: Bebyggelsesplanar for: Nigard Hoslemo, del av B5, B6-Sør i Midtregionen og B6-Nord i Midtregionen.
I medhald av plan- og bygningslova § 28-2 (ny planlov § 12-12) vedtok planutvalet i møte den 24. august 2009 følgjande bebyggelesplanar:
Bebyggelsesplan for Nigard Hoslemo, del av B5 i Midtregionen.
Området ligg ved Løyning, sør for Vatnedalsdammen. Planen legg til rette for 18 nye fritidsbustader.
Bebyggelsesplan for B6-sør i Midtregionen.
Området ligg ved Løyning, sør for Vatnedalsdammen. Planen legg til rette for 48 nye fritidsbustader.
Bebyggelsesplan for B6-nord i Midtregionen.
Området ligg ved Løyning, sør for Vatnedalsdammen. Planen legg til rette for 42 nye fritidsbustader.
Eventuelle klagar må fremjast skriftleg til Bykle kommune, 4754 Bykle eller på e-post: postmottak@bykle.kommune.no innan 30.10.09. Planane kan sjåast på rådhuset i Bykle eller i dokumenta her til høgre. Ved eventuelle spørsmål, ta kontakt med Bykle kommune, tlf. 379 38 500.
Helsing
Elise Nordskag
Rådgjevar areal og plan
Bykle kommune