Kommunale bustadtomter for sal - Hovden. Søknadsfrist er 15.02.2010

Fire einebustadtomter i Røyrvikåsen bustadfelt på Hovden er no ledige. Dette er tomt nr 1,10,17 og 18.
I Austmannlii bustadfelt er tomt 41 ledig. Tildeling skjer utifrå regelverk vedteke i kommunestyret 29.3.07. Er det fleire søknader til same tomta vil det verte loddtrekkning dersom vilkåra ellers er like.
Søknad sendast på eige skjema som du kan hente ned frå kommunes sin heimeside www.bykle.kommune.no , her til høgre i ramma. Du kan og kontakte Informasjonen på tlf 37938500 for å få tilsendt søknadsskjema og kart over tomtene. Søknad sendast Bykle kommune, 4754 Bykle.
Søknadsfrist: 15.02.2010 - Rådmannen
Prioritering ved tildeling av bustadtomter i kommunale bustadfelt
Fylgjande prioritering vert lagt til grunn ved tildeling av bustadtomter i kommunale bustadfelt i Bykle kommune (vedteke i kommunestyret 29.03.07)
1. Fyrstegongsetablerarar, dvs personar som ikkje er etablert med eigen bustad eller leilighet frå før.
2. Dei som ikkje tidlegare har kjøpt kommunal bustadtomt i kommunen
3. Dei som tidlegare har kjøpt kommunal bustadtomt/eigedom i kommunen.
Dersom det er fleire søknader på ei tomt vert det foreteke loddtrekning dersom vilkåra ellers er like.Kommunestyret kan dispensere frå desse vilkåra. For øvrig gjeld vilkår i standard kjøpekontrakt og konsesjonslova med tilhøyrande føresegn.
RÅDMANNEN