Ungdommens Kulturmønstring - Laurdag 13.februar kl 16.00
UKM Valle og Bykle går av stabelen i Bykle samfunnshus, med 90 deltakarar frå Valle og Bykle kommunar, fordelt på 38 innslag. Dette er rekordstor deltaking, og seier vel noko om aktive kulturskular og eit aktivt kulturliv blant barn og unge i øvre Setesdal!
I førekant av UKM har det vore jobba mykje og målbevisst fram mot UKM i kulturskulane både i Valle og Bykle, og det har vore arrangert felles kunsthelg og dansehelg som har resultert i innslag under UKM.
Arrangementet er basert på mykje frivillig innsats, og er støtta av Coop Norge, Agder energi og Sparebanken Sør, Hovden.
Arrangørane, som altså er Valle og Bykle kulturskular, ser fram til eit spennande arrangement, og ønskjer dykk velkomne til å delta på arrangementet.