Beste matteklasse i Aust Agder
9. klasse ved Bykle barne- og ungdomsskule, har kvalifisert seg til semifinalen i den nasjonale matematikk-konkurransen for 9. klasse, ved å bli beste 9. klasse i Aust Agder.

Konkurransen er oppkalla etter matematikaren Niels Henrik Abel, som døde på Frolands Verk 6. april 1829, knapt 27 år gamal.
9. klasse hadde alt rett på dei to kvalifiseringsrundane som blei avvikla via internett.
Kvar fylkesvinnar blir invitert til å sende eit lag med 2 gutar og 2 jenter til den nasjonale semifinalen, og finalen som føregår i Froland og Arendal 21. - 24. april.
Vi ynskjer klassa lykke til vidare i konkurransen!