Detaljregulering av Hovden Alpin Lodge
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtok kommunestyret i møte 24. juni 2010 detaljplanen for Hovden Alpin Lodge (saksnr. 10/91). Planområdet ligg nordaust for Hovden Skisenter og er plassert midt i alpinbakken. Føremålet med planen er å revidere eksisterande plan med tanke på høgde og utnytting i samband med tomt 14 (hotelltomta) samt innarbeide dispensasjonar gitt frå gjeldande plan i samband med tidlegare utbygging av feltet.
Vedtaka kan påklagast. Eventuelle klager merkast med saksnr. og sendast skriftleg til Bykle kommune, 4754 Bykle eller på e-post til: postmottak@bykle.kommune.no innan 26. juli 2010. Planane kan sjåast på Bykle rådhus og på kommunen si heimeside: www.bykle.kommune.no Ved eventuelle spørsmål, ta kontakt med Bykle kommune, tlf. 37 93 85 00.