Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.
Du kan bli nektas innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:
- Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ
- Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen
- Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerslmyndigheit for saka dokumentet gjeld