Tenestebeskrivelse
Melding til barnevernstenesta
Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding. Barnevernstenesta skal - leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus - starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova - leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte
Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at born blir utsette for grov omsorgssvikt.
Målgruppe
Privatpersonar eller offentlege instansar. Offentlege instansar har opplysningsplikt til barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.
Kriterium
Du kjenner til at eit barn har vanskelege leveforhold.
Namn
Setesdal Barnevern
Adresse
Postboks 4, 4747 Valle
Tlf
37937500
Besøksadresse
Helsehuset i Valle, 4747 Valle
Ansvarleg eining
NAV - Bykle
Rettleiing
Du kan melde frå til barnevernstenesta skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Meldinga di kan òg vere anonym.
Klagemuligheit
Barnevernstenesta si avgjerd om korleis meldinga skal behandlast, kan ikkje klagast på.
Lover
Barnevernslova §§ 4-2, 4-3, 6-4 og 6-7a
|
|
|
|