Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Sosiale tenester i NAV Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Mellombels husvære

Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg bustad på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels botilbod til deg. Kommunen skal tilby forsvarleg husvære til barnefamiliar, born og unge. Det tyder mellom anna at tilbodet i utgangspunktet ikkje gjeld for rusmiddelmisbrukarar (sjå lenkja til Kommunal bustad nedanfor).

Omtale av tenesta

Målgruppe

Dei som har eit bustadbehov på grunn av akutte situasjonar som for eksempel brann, utkasting eller familiebrot.

Kriterium

Du treng bustad i eit nødstilfelle.

Pris

Tenesta er gratis, men dersom du har råd til det, vil du kunne betale delar av husleiga sjølv.

Kontaktinformasjon

Namn

NAV - Bykle

Adresse

NAV-bygget v/Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

37 41 96 00

E-post

nav.bykle@nav.no

Besøksadresse

NAV-bygget v/Rådhuset, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

NAV - Bykle

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan vende deg til kommunen for å søkje om mellombels husvære.

Klagemuligheit

Dersom NAV gir deg avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. NAV vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i NAV som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 29.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar