Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation Links Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Miljøinformasjon


Du kan krevje å få utlevert den miljøinformasjonen som finst i kommunen. Retten gjeld opplysningar om det ytre miljøet og om tilhøve som kan påverke miljøet eller helsa. Det ytre miljøet inkluderer kulturminne og kulturmiljø. Miljøinformasjon kan vere:

- tiltak som er i gang

- vedtak og planar

- analysar av produkt som kommunen har eller brukar og som gjeld helse- og miljøverknader

Omtale av tenesta

Målgruppe

Alle som ønskjer å få slik informasjon, både privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv.

Kriterium

Krav om miljøinformasjon kan fremjast skriftleg eller munnleg. Du må ikkje dokumentere eit særskilt behov for å ha krav på informasjon. Kravet må vere formulert slik at det er mogleg å identifisere kva det gjeld. Omsynet til andre samfunnsinteresser (t.d. forretningsløyndomar) kan føre til at du får avslag. Du har likevel alltid krav på informasjon om
- helseskadeleg forureining
- forureining som kan gjere alvorleg skade på miljøet
- rådgjerder mot slike skadar
- ulovleg inngrep eller skadar på miljøet

Pris

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon

Namn

Informasjonen

Adresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

37 93 85 00

E-post

postmottak@bykle.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

Teknisk drift og eigedom

Søknadsprosess

Rettleiing

Kommunen kan gje rettleiing om korleis kravet om informasjon skal utformast.

Klagemuligheit

Dersom du får avslag på kravet om informasjon, kan du klage innan tre veker etter at du mottok avslaget. Får du ikkje svar innan to månader, kan du også klage. Er du usikker på kvifor du har fått avslag, kan du krevje ei nærare grunngjeving av dei vurderingane som ligg til grunn for avslaget. Dette må meldast innan tre veker etter at du fekk avslaget. Du skal ha svar innan ti dagar. Dersom du har bede om ei nærare grunngjeving for avslaget, stoppar klagefristen til du har fått grunngjevinga. Klaga sendar du til det organet som har gjeve avslaget. Deretter vidaresendast klaga til næraste overordna organ dersom organet sjølv ikkje tar klaga til følgje. For kommunen sin del er dette Fylkesmannen.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 28.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar