Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Helsetenesta i Bykle og Valle Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Individuell plan - koordinering av helse- og/eller sosialtenester

Du har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet. Planen skal sikre at det til kvar tid er nokon som har ansvaret for koordinering og oppfølging. Vi oppfordrar deg som brukar til å delta aktivt med å forklare dei behova du har for tenester og kva ynske og mål du har.

Omtale av tenesta

Målgruppe

  • Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester
  • Personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av NAV-kontor

Kriterium

Personen har behov for langvarige og koordinerte helse- og/eller sosialtenester.

Samarbeidspartnarar

Har du behov for tenester både frå kommunen og fra spesialisthelsetenesta (staten), har desse plikt til å samarbeide om å utarbeide planen.

Kontaktinformasjon

Namn

Informasjonen

Adresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

37 93 85 00

E-post

postmottak@bykle.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

NAV - Bykle

Søknadsprosess

Rettleiing

Du eller dine pårørande kan ta initiativ til å få laga ein individuell plan, men hovudansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet.

Vedlegg

Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er nokon annan som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klagemuligheit

Høvet til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå avsnittet om lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.

Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.

Merknader

1. september 2004 blei pasientrettlova endra. Endringa går ut på at dei pasientane som har mest behov for helsehjelp, får ein frist for når dei seinast skal få behandling. Har pasienten ikkje fått behandling når denne fristen går ut, kan han eller ho kontakte Rikstrygdeverket og krevje at Rikstrygdeverket skaffar eit behandlingstilbod med ein gong, anten ved eit anna sjukehus i Noreg eller i utlandet.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 27.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar