Sivilombodsmannen er oppnemnd av Stortinget for å kontrollere forvaltninga. Som vanleg borgar kan du klage til Sivilombodsmannen dersom du meiner at forvaltninga har gjort ein feil eller ein urett. Med forvaltninga meiner ein både statlege, kommunale og fylkeskommunale myndigheiter. Klage kan gjelde
- brot på saksbehandlingsreglar som for eksempel manglande svar eller sein saksbehandling
- at forvaltninga har gjort eit vedtak som du meiner er feil