Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Teknisk drift og eigedom Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Legionellasmitte - førebyggjande tiltak

Eig du ei verksemd som kan spreie legionellabakteriar, skal du sende melding til kommunen ved oppstart og ved utvidingar eller endringar, og eventuelt ta mikrobiologiske prøver. Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.


Du sender melding dersom verksemda har
- kjøletårn
- luftskrubbar

- badeanlegg
- boblebad som er tilgjengeleg for allmenta

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har
kjøletårn
luftskrubbar
fuktanlegg
innandørs fontene

så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje.

Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitten før du går i gang med å reingjere og desinfisere.

Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinkleranlegg og fontener) kan overføre bakterien.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Eigarar av verksemder eller eigedomar som direkte eller indirekte kan spre legionella

Kontaktinformasjon

Namn

Informasjonen

Adresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

37 93 85 00

E-post

postmottak@bykle.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

Teknisk drift og eigedom

Søknadsprosess

Handsaming

Melding om verksemda inneber ikkje at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 27.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar