Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Sosiale tenester i NAV Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Krisesenter

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine. Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Samarbeidspartnarar

Det blir gjeve statleg og kommunalt tilskott til drift av krisesenteret. Krisesenteret er ikkje ein del av den ordinære verksemda i kommunen, men det er kommunen som søkjer om statstilskott og godkjenner budsjettet til krisesenteret.

Vi samarbeider med:

Kristiansand Krisesenter

Kontaktinformasjon

Namn

NAV - Bykle

Adresse

NAV-bygget ved Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

55 55 33 33

E-post

nav.bykle@nav.no

Besøksadresse

NAV-bygget ved Rådhuset, 4745 Bykle

Ansvarleg eining

NAV - Bykle

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 27.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar