Turisme og reiseliv
Reiselivsnæringa har eit betydeleg tyngdepunkt på Hovden og er den viktigaste vekstnæringa i kommunen. Både med omsyn til økonomi og ikkje minst sysselsetting, har reiselivsnæringa stor verdi også for verksemder ut over det som blir karakterisert som reine reiselivsbedrifter.
Gjennom vidareutvikling av aktivitets- og opplevingstilbodet har kommunen som mål å utjamne sesongsvingingane. Vidareutviklinga av reiselivsnæringa bør ta utgangspunkt i dei stadeigne ressursane som t.d. produktutvikling knytta til natur, kultur og landbruk.
Satsinga innan reiselivet er retta mot familiar og aktive idrettsutøvarar (jfr. Hovden Vidaregåande skule med alpint og langrenn, valfag.) Hovden som turistsenter vil ut frå denne satsinga markere seg på kvalitet i aktivitet- og opplevingstilbod, på service og tilrettelegging.
Målsetjing for kommunen:
- Vidareutvikle Bykle kommune og Hovden sin posisjon som turistsenter
- Vidareutvikle levedyktige bedrifter og arbeidsplassar
- Utjamne sesongsvingingar innan dei ulike næringane
Destinasjon Hovden har ansvar for marknadsføring av reiselivsnæringa og ivaretek også vertskapsfunksjonen for Bykle kommune. På Turistkontoret på Hovden kan du få hjelp til det meste og deira sider på internett inneheld informasjon om opningstider, prisar, aktiviteter, arrangement, vær- og føremelding og mykje meir.
Auf der rechten Seite finden Sie Links zu verschiedenen Seiten mit allgemeinen Informationen in Deutsch über Bykle, Hovden und Setesdal. Werfen Sie einen Blick auf "setesdal.com" und "Destination Hovden"!
On the right hand side you will find links to several sites containing general information in english about Bykle, Hovden and Setesdal. Be sure to have a look at "setesdal.com" and "Destination Hovden"!