Bykle kyrkjebygd kartutsnitt

Areal- og planarbeid

I starten av kvar valperiode, vedtek kommunen ein planstrategi og vurderar kva for kommunale planar kommunen skal prioritere i denne perioden.

Gjeldande planstrategi ser du i høgre kolonne.

Overordna planar:
Kommuneplanen inneheld ein tekstdel og ein arealdel.  Arealdelen med tekst og kart ligg i Planinnsyn.

Kommunedelplan:
Kommunen har utarbeidd kommunedelplanar for delar av kommunen, og for ulike tema.

  • Kommunedelplan for midtregionen finst på planinnsyn,
  • Kommunedelplan for sti og løyper ligg her.
  • Kommunedelplan for Hovden er under utarbeiding.

Verneområde
Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde legg beslag på 58% av kommunen.  Verneforskrift og kart finn du på www.svr.no.  Skal det gjennomførast tiltak innafor SVR som krev dispensasjon frå verneforskrifta, må du søkje i god tid, då dette skal handsamast både etter verneforskrifta i eit interkommunalt organi og i kommunen.  For Hisdal naturreservat, Lislevatn naturreservat, Hovden Landskapsvernområde og Vidmyr naturreservat, er det Fylkesmannen i Aust-Agder som har forvatningsmynde.

Regionalplan
Bykle har over 70% av arealet sitt innafor regionalplan for Setesdal Aust- og vesthei.

Kontaktar du våre rådgjevarar i areal og plansaker kan du mellom anna få hjelp til dette:
• Saksbehandling av private og kommunale arealplaner.
• Kundevegleiing iht. plan- og bygningsloven
• Deltar i og medvirker til arealrelaterte prosjekt- og prosessoppgaver som kommunen har ansvaret for.
• Samhandling og koordinering med andre virksomheter i kommunen om arealplanlegging og aktuelle utbyggingsprosjekter.

Mykje av saksbehandling er basert på gebyrbelagte tenester og satsane finn du i prislista for 2017








 








 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS