Assistent, pt. Bykle barne- og ungdomsskule/SFO:

100% stilling, frå 1.8.17, 40% fast og 60% mellombels (for skuleåret 2017/2018).

Delar av stillinga blir arbeid med enkeltelev i skuletida. Stillinga inneheld og noko vikararbeid i skule/SFO/barnehage.

Kvalifikasjonskrav:
•    den som blir tilsett må kunne hjelpe fagleg 
•    gjerne erfaring frå liknande arbeid
•    evne til å samarbeide og vere fleksibel
•    evne til å leie ei gruppe med barn
•    like å vere ute og vere fysisk aktiv
•    personleg eigna

Vi kan tilby:
•    Løn som assistent, st. kode 6572, årsløn for heil stilling kr.288 500 – 391 200, etter ansiennitet 
•    Gode pensjons- og forsikringsordningar
•    Godt arbeidsmiljø

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.
Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Rønnaug  Torvik tlf. 37 93 86 21/48894317.

Vårt elektroniske søknadsskjema ser du her.

Vitnemål og attestar vil bli spurt etter ved eit event. intervju.

Søknadsfrist 2. juni 2017 

Stilling ledig
Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS