Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Badeanlegg, bassengbad og badstu o.a. - meldeplikt

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Før badeanlegga (som òg inkluderer bassengbad, badstuer og boblebad) blir tatt i bruk, og ved endringar i drifta, skal eigaren gje kommunen melding om alle forhold som kan verke inn på helse, hygiene eller tryggleik for brukarane. For boblebad spesielt skal meldinga mellom anna innehalde opplysningar om utforminga og kva modell/type boblebadet er.

Badeanlegg skal vere tilfredsstillande for helse og hygiene.  Dei skal vere utforma slik at dei førebyggjer ulukker. Personellet skal ha opplæring i persontryggleik, og det skal utarbeidast instruksar for brukarane. Det skal takast jamlege prøver av vasskvaliteten.

Målgruppe

Eigarar av badeanlegg, inkludert bassengbad, badstu og boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå blant anna folkehelselova kapittel 3 Miljørettet helsevern.

Lover

Folkehelseloven
Forvaltningsloven

Forskrifter

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu

Forskrift om miljørettet helsevern

Internkontrollforskriften

___

Saksbehandling

Dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda.

Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit tiltak.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktpersoner

Navn:Hanne Straume
Tittel:Kommuneoverlege
Telefon:91537970
Mobil:91537970
Epost:hanne.straume@bykle.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2017-12-11 08:07