Kommunen planlegg for å kunne handtere ulykker og kriser på ein best muleg måte. Det betyr at vi skal

  • sørgje for innbyggjarens tryggleik
  • ha planar for at samfunnsviktige funksjonar ikkje stoppar opp under ei krise
  • verne om miljø og kulturverdiar og
  • forhindre øydelegging av økonomiske og materielle verdiar.

Bykle kommune har ein politisk godkjent plan for krisehandtering av ulykker og uønskte hendingar. Kommunen har eiga kriseleiing og eit kriseteam.

Kommunen har tatt i bruk varslingssystemet "Varsling24" for at innbyggjarar i eit definert område kan varslast med SMS til mobiltelefon og talemelding til fasttelefon ved viktige hendelsar.

Rettleiing for tryggleik ved store arrangement  får du ei detaljert og nyttig rettleiing for dette arbeidet.  Som arrangør av større deltakar- og publikumsarrangement, ber vi deg kontakte kommunen i god tid på førehand, slik at ulike aspekt ved det enkelte arrangementet kan vurderast opp mot tryggleik og sikkerhet og vi oppmodar deg som arrangør å setje deg inn i denne brosjyra.