Nesten 1,8 millionar nordmenn bruker i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Men potensialet for bruk av digital post er vesentleg større. I Bykle kommune har 38,6 % prosent av alle innbyggjarane over 15 år oppretta digital postkasse – og det plasserer oss på 100. plass blant landets kommunar.

Gjennomfører kampanje
Me brukar i dag store ressursar på papirpost. Difor set me i gang ein kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein hyggeleg e-post frå kommunen med ein oppfordring om å gjera dette.

Motta digital post fra det offentlige! from Difi on Vimeo.

I dag sender kommunen ut papirbrev i postkassen til mange innbyggjarar. Det kostar minst ti kroner per brev. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men til saman er dette ressursar og pengar vi kunne brukt på noko langt meir nyttig, som til dømes barnehage, helse eller kulturtilbod. Målet vårt er at flest mogleg innbyggjarar går over til digital postkasse slik at kommunen sparar desse ressursane og ikkje minst miljøet.

Praktisk for innbyggjarane

Vi trur også at mange innbyggjarar vil tykkje digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen, same kor du er. Raskt, sikkert og enkelt!

Skaffar du deg digital postkasse vil du få mange slag brev og dokument frå det offentlege i den digitale postkassen. Der blir dei liggande i ditt personlege arkiv så lenge du vil.

Bykle kommune håpar at så mange av innbyggjarane som mogleg som ikkje har oppretta digital postkasse kan gjere dette. Dei som treng hjelp til å oppretta digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan kontakte kommunen.

Slik skaffar du deg digital postkasse: Gå inn på norge.no

  • Vel «Digital postkasse»
  • Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
  • Vel enten Digipost eller e-Boks

Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.