Frå 1. januar 2018 er retten til å vigsle overført frå tingretten til kommunane. Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må vere på plass for at ein skal kunne gifte seg. Les meir i desse lenkene:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-09-18-1421  Forskrift om kommunale vigslar

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1991-07-04-47 Ekteskapslova

 

Desse er vigslarar i Bykle kommune:

                                          Jon Rolf Næss, ordførar

                                          Hans Blattmann, varaordførar

                                          Helga Jacobsen, kulturleiar i Bykle kommune

 

Vilkår

For å kunne gifte seg, må Skatteetaten sjå  til at brudeparet oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap og gje dei «Prøvingsattest». Brudeparet har sjølv ansvar for å kontakte Skatteetaten og ordne dette. Det kan ein gjere her:

To norske innbyggjarar som skal gifte seg: https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/ekteskap/i-norge/veien-til-ekteskapet/

To utanlandske statsborgarar:

https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/ekteskap/i-norge/to-utenlandske-statsborgere/

 

Seremoni

Lokale

Kommunen har kommunestyresalen som lokale for vigsling. Dersom brudeparet ynskjer vigsling andre stader, må dei sjølv ordne dette både praktisk og eventuelt økonomisk.

Møblering/pynting

 Kommunestyresalen er vigslingsromet. Romet blir høveleg møblert og eit bord blir pynta med duk, blomar og lys. Pynting utover dette må brudeparet sjølv ordne både praktisk og eventuelt økonomisk.

Tidspunkt

Brudeparet og den aktuelle vigslaren avgjer tidspunktet.

Sjølve vigslinga

Vigslaren les «Det borgarlege vigselsformularet.» https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1996-01-19-4263

Ynskjer brudeparet andre innslag som musikk eller opplesing skal dette avtalast på førehånd. Brudeparet ordnar i så fall med det praktiske og eventuelt økonomiske.

 

Kostnad                     

Vigslinga er i utgangspunktet gratis for alle som ynskjer å gifte seg i Bykle. Dette gjeld også folk frå andre kommunar som ynskjer å gifte seg i Bykle. Ved heilt særskilde høve må kommunen vurdere ein sum.

 

Kontakt                        

Informasjonen i Bykle kommune på tlf 37 93 85 00 eller  informasjonen@bykle.kommune.no