Søterot er ei fleirårig urt med tykk og grov, ofte krypande rot like under jorda si overflate. Den stive stengelen kan bli opptil 40-50 cm høg. Blada er eliptiske eller smalt eggeforma. Heile planta er glatt utan hår og dei spesielle blomane sit tett samla på toppen av stengelen. Blomane opnar seg aldri heilt og dei butte kronflikane er vridd om kvarandre. Det heile ser ganske merkeleg ut! Fargen er mørk brunraud og blomen duftar godt.

Lange tradisjonar i folkemedisin og skulemedisin

Søterota er ei svært interessant plante med lange tradisjonar i folkemedisin og skulemedisin heilt opp til nyare tid. I presten Gjellebøl si skildring av Setesdal frå år 1800 kan ein lese at bøndene alt den tid kalla planta for Søterot, og at det utan tvil var med ironisk tilsnitt. Smaken er svært bitter og sit lenge på tunga, namnet Søterot er nok for å blidgjere vettene i planta dersom ein skulle ha trong for hjelp.

Rota inneheld ei rekkje bitterstoff og brukast difor som ein vekkjar for apetitten og for fordøyelsen. Blant anna har Søterot vore eit av dei midlar som har blitt mest nytta mot sjukdomar hjå dyr og menneskje, til dømes mot innvollsorm.

Hovudutbreiing

Søterot er ei europeisk art med hovudutbreiing i fjelltraktane i Mellom-Europa og i Noreg finst den frå Åseral til Trøndelag. Planta veks i heile Bykle kommune på gamal beitemark i fjellbjørkeskogen og i vierkratta opp i den lågvaksne, fuktige lyngheia på snaufjellet.