Framlegget til ny kommuneplan ligg no ute på heimesida. Revisjon av sti- og løypeplan er ein del av denne. Høyringsfrist er 1.oktober. Vil du sjå planen og ev kome med innspel finn du meir info HER.

Der ligg kart i PDF og der ligg kart som web løysing der du kan «slå på» ulike tema.

Konsekvensutgreiing er ei fagleg utgreiing av innspela.

Etter høyringsfristen må alle høyringsuttaler vurderast av styringsgruppa.  Saka går då til 2.gongs handsaming og endeleg vedtak i kommunestyret.

Skal heilt nye innspel takast omsyn til, og innarbeidast i kartdelen, må planen ut på ny 1.gongs høyring. Kjem det varsel om motsegn, kan dette også forseinke framdrifta. Dette krev mekling hjå Fylkesmannen. Det er difor vanskeleg å seie kor tid den blir endeleg vedtatt, men ein arbeider med siktemål årsskiftet 2018-2019.

Kommuneplanen er ein overordna plan. Eit område som er lagt ut som byggeområde i kommuneplanen, må likevel gjennom ein detaljplanprosess før det er klart for bygging. Vi får mange spørsmål om bygging av fritidsbustader i desse alt no. Nye byggeområde i arealdelen kan ikkje realitetshandsamast før arealdelen er endeleg vedteken. Desse prosessane kan gå delvis parallelt, men kommuneplanen må alltid vedtakast først.

Planavdelinga legg ut ny status om kommuneplanen etter at høyringsinnspela er komne inn.