Kommunevåpen - grafisk profil

Grøn grunn, strødd med sylvdropar. Våpenet blei godkjend ved kgl. res. 4.41986, og er teikna av Daniel Rike.

Eit felt strødd med dropar har av engelske heroldar fått spesielle namn etter kva for fargar dropane har. Namna er sjølvsagt på fransk, som er heroldane sitt språk. På norsk vil dei seie at raude dropar blir blodsdropar, blå dropar blir tårer, svarte dropar blir bekdropar, grøne dropar blir oljedropar og sylvdropar blir vassdropar. Men gulldropar vert gulldropar.

Bykle har vald sylvdropar eller vassdropar fordi det passar godt for utviklinga i kommunen. Dropane symboliserar vatnet som alltid har runne gjennom bygda og som heilt frå utbyggjinga av vasskraft starta omkring 1915, har vore avgjerande for å oppretthalde busetting, sysselsetting og levekåra i bygda.

Den grøne fargen kan symbolisere primærnæringa - jordbruket.  Dropane er sylvfarga på grøn botn.  Farge: pantone 964.355







 

Kontaktinformasjon

Bykle kommune - Informasjonen
T: 37938500
postmottak@bykle.kommune.no
 

KommunevåpenMindre.JPG


 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS