Kontrollutvalet

___________________________________

Kontrollutvalet skal føre det jamlege tilsynet med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. Kontrollutvalet skal gjennomføre sitt arbeid i tråd med kommunelova (kapitel 12) og forskrift for kontrollutval.

Kontrollutvalet har blant anna oppgåver knytt til:

• Tilsyn med forvaltninga, som til dømes er vurdering av rutinar, system, instruksar osb.
• Rekneskapsrevisjon (bl.a. uttale til årsrekneskapen og fylgje opp merknader til rekneskapen)
• Forvaltningsrevisjon (vurdering av bruk og forvaltning av dei kommunale midla)
• Selskapskontroll ( kontroll av kommunen sine eigarinteresser i selskap)
• Tilsyn med at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning

Kontrollutvalet innstiller og rapporterer til kommunestyret. Kontrollutvalet blir vald av kommunestyret og har 5 medlemmer med personlege varamedlemmer:

Desse er valgt for perioden 2015 - 2019:

Leiar Torvald Gautland H Personleg vara Olav Mandt H
Nestleiar Lars Erik Domaas AP Personleg vara Rolf Arne Haugen AP
Medlem Ingrid Helle AP Personelg vara Birgit Lidtveit U
Medlem Magnhild Bjørnarå U Personleg vara Johs Christensen H
Medlem Olav Mosdøl SP Personleg vara Sondov Bjåen SP


Sekretariat for kontrollutvalet er Agder Sekretariat. Sjå kontaktinformasjon her til høgre. Kommunens revisor er Setesdal Revisjonsdistrikt IKS, og kan kontaktast på telefon 37 93 23 60/ 91 63 14 68 eller på mail: tommy.pytten@e-h.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS