Etter planen startar helikopterflyginga langs kysten i starten av juni. Områda lenger inne i landsdelen blir tatt fortløpande utover sommaren. Eit helikopter frå det finske selskapet Heliwest vil vere i lufta frå måndag til laurdag i tidsrommet frå rundt sjutida om morgonen til 19-tida om kvelden, avhengig av været. Det vil i hovudsak fly i ei høgde på omlag 30 meter over linjenettet.

Oversikt over kva tid helikopteret flyr over linjenettet og i kva område finn du i denne oversikta på nettsida til Heliwest. Denne vil bli oppdatert forløpande utover i flygingsperioden.

Digitale analyseverktøy
​Agder Energi Nett sjekkar kvart år linjenettet frå helikopter for raskt å få oversikt over kvar det er naudsynt å reparere skadar på stolpar, linjer og andre elektrotekniske installasjonar.

Laserskanninga som no skal gjennomførast, gjer at Agder Energi Nett kan sjå og analysere linjene og vegetasjonen langs desse i 3D-format. Det gjev ei god oversikt over kor tett skogen er langs linjene, og kor nær trea står linjenettet. Det gjev grunnlag for å sette i verk målretta tiltak som å hogge ned tre som kan stå i fare for å velte og forårsake straumbrot.

I fjor sommar testa nettselskapet det digitale analyseverktøyet langs nokre linjer i Vegårshei og Lyngdal, der det har vore mykje utfordringar på grunn av mykje vegetasjon. Erfaringane med dette var så gode at no skal heile linjenettet laserskannast.