Ledig stilling som pedagogisk leiar - Bykle barnehage

Til deg som ønskjer verdas viktigaste stilling, og som ønskjer å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!     

Barnehagane i Bykle kommune har auka pedagogtettleik, dvs. pedagogisk leiar og barnehagelærar på same avdeling, med gruppestorleik på 18 eller 9 barn. Pedagogisk leiar er leiar av sitt pedagogiske team, og skal aktivt delta i utviklinga av barnehagen.
                                                                    
Pedagogisk leiar:
•    Fast 100% stilling frå 1.8.17 pt. Bykle barnehage

Kvalifikasjonskrav:                                          
•    Utdanning som barnehagelærar
•    Relevant erfaring
•    Den som blir tilsett må kunne leie, motivere og delta i utviklinga av barnehagen 
•    Vi ønskjer oss ein medarbeidar som er personleg eigna, tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide.
•    Du må gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar, og ha førarkort.

Vi kan tilby:
•    Løn etter kvalifikasjonar + kr. 24 000/år i rekrutteringtillegg i 5 år (mot bindingstid)
•    Gode pensjons- og forsikringsordningar
•    Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
•    Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.
Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Kristin D. Hoslemo, 48 89 65 35.  Bykle kommune har elektronisk søknadsskjema:  Sjå denne lenka.

Vitnemål og attestar vil bli spurt etter ved eit event. intervju. 

Søknadsfrist: 9. juni 2017

Vi ønskjer ikkje å bli kontakta av annonseseljarar

Stilling ledig
Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS