Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Gravemaskin

Gravemaskin

Mange og store prosjekt på gang i Bykle kommune.

Fleire stader rundt omkring i kommunen kan du både se og høyre gravemaskinar i full sving.  Det er hektiske tider for Teknisk drift og eigedom som har ansvar for desse prosjekta:

1.   Ny Parkeringsplass Hovden Sentrum
Entreprenør Hovden Hytteservice AS.  Kostnad ca kr. 2.550.000,- eks. mva.  
Oppstartsdato 20.06.  Ferdig ca 10.10. 

2.   Ny gang- og sykkelveg Røyrvikåsen.   (Breivevegen – Langrennstadion)
Entreprenør Hovden Hytteservice AS,  oppstart etter ferien.
Kostnad ca kr. 2.500.000,- eks. mva.  Ferdig hausten 2017 

3.   Nytt vassverk Hovden
Rådgjevar Rambøll.  Kostnad kr. 185.000.- eks. mva. til å gjennomføre et skisseprosjekt som skal ende med ein rapport i august/september 2017.  Rapporten frå  Rambøll blir ferdig i år, men prosjektet vil nok også gå vidare i 2018.

4.   Ombyggjing/oppgradering av ventilasjonsanlegg/Bykle barne- og ungdomsskule
Entreprenør: Agder Ventilasjon AS.  Kostnad ca Kr. 1.850.000,-.  Ferdig 11.08.d.å

5.   Påbygg, Bykle barne- og ungdomsskule
Entreprenør: Jekteberg Entreprenør AS.  Kostnad ca  Kr. 7.100.000,-.  Ferdig 01.02.18

6.   Voksenopplæring/NAV-bygg
Entreprenør: Jekteberg Entreprenør AS.  Kostnad ca  Kr. 5.600.000,-.  Berekna ferdig  01.02.18

7.   Bykle Helse- og omsorgssenter (Grunnarbeid)
Entreprenør: Olav Martin Sørli AS.  Kostnad ca kr. 4.200.000,-.  Ferdigs 15.10.17  

8.   Fjellgardane barnehage
Arbeid med skisser pågår.  Arbeidet forseres etter ferien.  Budsjettramme: kr. 2.000.000,-

9.   Leikeplasser/opparbeiding
Arbeidet pågår i eigen regi.  Budsjettramme:  kr. 1.000.000,-


Bykle  -  Juni 2017  

 

 

 

Kontaktinformasjon

Bykle kommune
T: 37938500
postmottak@bykle.kommune.no 

Gravemaskin
Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 25. juli 2017