Grunna manglande kunngjering og underretning om vedtaket av 16.02.2017 sender kommunen nå ut ny melding om vedtak til alle aktuelle partar i saka.

Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat, innan 4.12.17  Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen.

Klaga skal sendast skriftleg til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle eller til postmottak@bykle.kommune.no
Oppgjev saksnummer 17/1469, kva klaga gjeld, den eller dei endringar De ynskjer og grunnen til at De meiner klaga skal takast til fylgje.   

Desse vedlegga fylgjer saka:

  •       Føresegn
  •       2 stk plankart (FB_K1-3 og FT6)
  •       Melding om vedtak kommunestyret og saksframlegg datert 16.02.2017 
  •       Planbeskrivelse
  •       ROS-analyse
  •       Skredfarevurdering
  •       Skredrapport
  •       Perspektiv heile området – FB_K1-2
  •       Situasjonsplan – FB_K3
  •       Situasjonsplan - FT6
  •       Hovden ski perspektiv 2
  •       Hovden ski perspektiv 1
  •       Utbyggingsområde