Bykle kommune har motteke søknad frå Statens vegvesen om fleire mindre endringar av detaljregulering for RV-9, Bjørnarå – Optestøyl planID 201511. Endringane er teikna inn på vedteken reguleringsplan med nummer, og gjort greie for i vedlagte oversikt. Det kjem fram kva for eigedomar som vert råka. I tillegg er føresegnene retta ved at det er sett inn eit pkt f) vedr. parkeringsplassen, som vart regulert og vedteken av kommunestyret i slutthandsaminga (17.11.2016), men ikkje knytt føresegn til. 

 

Endringane er gjort for å lette gjennomføringa av planen. Dei går ikkje utover planområdet eller hovudrammene i planen, og råkar ikkje omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Dette er vilkår som ligg til grunn for at endringane kan takast som mindre endringar. Kommunen vurderer på dette grunnlag at endringane kan takast som ei mindre endring av reguleringsplanen i tråd med plan- og bygningslova §12-14.

 

Før kommunen kan gjere eit vedtak i saka, skal saka føreleggjast aktuelle partar. Du som part har mogleik til å kome med ein uttale om ynskjeleg. Merknadar til endringa skal sendast Bykle kommune snarast mogleg og seinast innan frist sett i brevet. Karta ligg i høyringsperioden ute på kommunens heimeside i eit betre format. Om det er behov for oppklaring eller meir informasjon, ta kontakt med:

 

Sigurd Wiberg             sigurd.wiberg@vegvesen.no (95242930)

Ingunn Hellerdal         ingunn.hellerdal@bykle.kommune.no

Julie Nilsen                  julie.nilsen@bykle.kommune.no

 

Før endeleg vedtak skal plankarta kontrollerast teikneteknisk (SOSI-kontroll), og planomtalen skal oppdatertast i samsvar med endringane.

 

Frist for merknadar til endringane: 16.03.2018