|
|
Tenester i Bykle - kategorisert > Oppvekst, skule og utdanning
Gå til hovedinnhold
Tenestebeskrivelse
Fjellgardane barnehage
Formål: Barnehagen skal gi born under skulepliktig alder gode vilkår for utvikling og aktivitetar i samråd med heimen til borna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi borna ein oppdragelse i samsvar med kristne grunnverdier. Vidare skal:
- barnehagen bistår heimane i deira omsorgs- og oppdrageroppgåver, og på den måten skape eit godt grunnlag for barna si utvikling, livslange læring og aktive deltaking i eit demokratisk samfunn.
- Omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremje menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling.
Innhald:
- Pedagogisk tilrettelagt tilbod basert på "Rammeplan for barnehagen sitt innhald og Oppgåver."
- Spesialpedagogiske tiltak for barn som etter søknad vert tildelt dette.
- Eige opplegg for barna sin overgang fra barnehage til skule.
Målgruppe
Barn under skulepliktig alder busett i Bykle kommune – herunder deira føresette
Kriterium
Kommunen har følgjande opptaksreglar i prioritert rekkefølgje:
- Barn med spesielle behov og barn som barnevernet tilrår plass
- Førskulelærarane sine barn
- Barn som bur avsides og ikkje har nokon å leike med
- Einslege forsytarar som er yrkesaktive eller i utdannnig
- Barn til foreldre der begge er yrkesaktive
Pris
Bykle kommunestyre fastset takstane for foreldrebetaling. Satsen for 2008-2009 er kr. 0,-
Samarbeidspartnarar
Andre barnehagar
Skular
Kulturskulen
Rettleiing
Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for båe barnehagane i kommunen. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt plass for.
Søknadsfrist
Barnehagane i Bykle kommune tek inn barn heile året, utanom juli månad.
Klagemuligheit
Det er høve til å klage til Bykle kommunestyre på tildeling av barnehageplass.
Tenesteleiar vil hjelpe til med utforming og framsetting av klage
Vi lover
- At vi tek imot deg og barnet ditt med høfleg framferd, respekt og interesse
- At barnet ditt skal møte omsorgsfulle vaksne med god fagleg bakgrunn og erfaring
- At barnet ditt har medverknad på kvardagen sin i barnehagen
- At det i barnehagekvardagen vert teke omsyn til barna sine individuelle behov
- At barna er forsikra på direkte veg til og frå barnehagen, og under opphald i barnehagen, som barnehagen si leiing har tilsyn og ansvar for.
Samarbeid og informasjon:
- At du vil få tilbod om minst ein foreldresamtale i året
- At du vil bli invitert til minst eit foreldremøte i året
- At du vil bli orientert om korleis barnet ditt har det i barnehagen
- At du vil bli invitert til ulike arrangement i barnehagen
- At du vil få tilbod om å delta i brukarundersøking i barnehagen
- At vi i samarbeid med deg som føresett arbeider for at barnet ditt skal vere nøgd i barnehagen og oppleve tryggleik og glede i samspel med andre barn og vaksne. Den einskilde barnehage har særskilte samarbeidsutval med føresette.
Teieplikt:
- At alle tilsette i barnehagen har teieplikt etter forvaltningslova §13
- At barnehagen har opplysningsplikt overfor sosialtenesta og barnevernet
- At ved nytilsettingar skal tilsette levere politiattest
For at vi skal kunne oppfylle dette
- Må du gjere deg kjend med barnehagen sine vedtekter, planar og rutiner
- Må du respektere barnehagen sine opningstider, og hentar og leverer barnet ditt innanfor den avtalte opphaldstida
- Må du sørgjer for at barnet ditt har kle og utstyr til aktivitet inne og ute
- Må du melder frå viss barnet ditt er sjukt eller ved anna fråver
- Må du informerer barnehagen om spesielle tilhøve som påverkar barnet sin kvardag. Dette for at personalet skal bli betre i stand til å forstå barnet, og gjere kvardagen så god som mogeleg for barnet ditt.
- Må du deltake på foreldrearrangement og samarbeidsmøte/samtalar
Dersom vi ikkje innfrir
- Må du ta det opp med pedagogisk leiar på avdelinga
- Fører ikkje dette fram, ta det opp med Tenesteleiar for barnehagane
Lover
Følgjande lover og vedtekter regulerar arbeidet vårt i barnehagane:
- Lov om barnehagar
- Rammeplan for barnehagar
- Vedtekter for kommunale barnehagar
- Barnehagepolitisk plan
- Forskrift om miljøretta helsevern for barnehagar og skolar m.v.
- Barnehagen sin årsplan
|
|
|
|
|
| |
|
(Hidden) Andre tenester
Oppvekst, skule og utdanning
Tenester innan oppvekst, skule og utdanning.
|
(Hidden) Tjeneste - punktliste
|
(Hidden) Relaterte artikler
|
(Hidden) Relaterte tjenester
|
(Hidden) Relaterte dokument
|
|
|
|
|