Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Oppvekst, skule og utdanning Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Bykle barnehage

Formål:
Barnehagen skal gi born under skulepliktig alder gode vilkår for utvikling og aktivitetar i samråd med heimen til borna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi borna ein oppdragelse i samsvar med kristne grunnverdier. Vidare skal:
  • barnehagen bistår heimane i deira omsorgs- og oppdrageroppgåver, og på den måten skape eit godt grunnlag for barna si utvikling, livslange læring og aktive deltaking i eit demokratisk samfunn.
  • Omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremje menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling.
Innhald:
  • Pedagogisk tilrettelagt tilbod basert på "Rammeplan for barnehagen sitt innhald og Oppgåver."
  • Spesialpedagogiske tiltak for barn som etter søknad vert tildelt dette.
  • Eige opplegg for barna sin overgang fra barnehage til skule.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Barn under skulepliktig alder busett i Bykle kommune – herunder deira føresette

Pris

Bykle kommunestyre fastset takstane for foreldrebetaling.
Satsen for 2008-2009 er kr. 0,-

Samarbeidspartnarar

Andre barnehagar
Skular
Kulturskulen

Kontaktinformasjon

Namn

Bykle barnehage

Tlf

37938641

E-post

kristin.hoslemo@bykle.kommune.no

Ansvarleg eining

Bykle barnehage

Søknadsprosess

Rettleiing

Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for båe barnehagane i kommunen. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt plass for.

Søknadsfrist

Barnehagane i Bykle kommune tek inn barn heile året, utanom juli månad.

Klagemuligheit

Det er høve til å klage til Bykle kommunestyre på tildeling av barnehageplass.
Tenesteleiar vil hjelpe til med utforming og framsetting av klage

Serviceerklæring

Vi lover

  • At vi tek imot deg og barnet ditt med høfleg framferd, respekt og interesse
  • At barnet ditt skal møte omsorgsfulle vaksne med god fagleg bakgrunn og erfaring
  • At barnet ditt har medverknad på kvardagen sin i barnehagen
  • At det i barnehagekvardagen vert teke omsyn til barna sine individuelle behov
  • At barna er forsikra på direkte veg til og frå barnehagen, og under opphald i barnehagen, som barnehagen si leiing har tilsyn og ansvar for.

Samarbeid og informasjon:

  • At du vil få tilbod om minst ein foreldresamtale i året
  • At du vil bli invitert til minst eit foreldremøte i året
  • At du vil bli orientert om korleis barnet ditt har det i barnehagen
  • At du vil bli invitert til ulike arrangement i barnehagen
  • At du vil få tilbod om å delta i brukarundersøking i barnehagen
  • At vi vil i samarbeid med deg som føresett arbeide for at barnet ditt skal vere nøgd i barnehagen og oppleve tryggleik og glede i samspel med andre barn og vaksne. Den einskilde barnehage har særskilte samarbeidsutval med føresette.

Teieplikt:

  • At alle tilsette i barnehagen har teieplikt etter forvaltningslova §13
  • At barnehagen har opplysningsplikt overfor sosialtenesta og barnevernet
  • At ved nytilsettingar skal tilsette levere politiattest

For at vi skal kunne oppfylle dette

  • Må du gjere deg kjend med barnehagen sine vedtekter, planar og rutiner
  • Må du respektere barnehagen sine opningstider, og hentar og leverer barnet ditt innanfor den avtalte opphaldstida
  • Må du sørgjer for at barnet ditt har kle og utstyr til aktivitet inne og ute
  • Må du melder frå viss barnet ditt er sjukt eller ved anna fråver
  • Må du informerer barnehagen om spesielle tilhøve som påverkar barnet sin kvardag. Dette for at personalet skal bli betre i stand til å forstå barnet, og gjere kvardagen så god som mogeleg for barnet ditt.
  • Må du deltake på foreldrearrangement og samarbeidsmøte/samtalar

Dersom vi ikkje innfrir

  • Må du ta det opp med pedagogisk leiar på avdelinga
  • Fører ikkje dette fram, ta det opp med Tenesteleiar for barnehagane

Lover og retningsliner

Lover

Følgjande lover og vedtekter regulerar arbeidet vårt i barnehagane:
  • Lov om barnehagar
  • Rammeplan for barnehagar
  • Vedtekter for kommunale barnehagar
  • Barnehagepolitisk plan
  • Forskrift om miljøretta helsevern for barnehagar og skolar m.v.
  • Barnehagen sin årsplan

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 14.01.2008 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar