Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Oppvekst, skule og utdanning Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Barnevernstenesta

ALARMSENTRALEN: Telefon 116111 - sjå også nettsida: www.116111.no

Formål:

  • Sikre barn og unge trygge oppvekstkår.
  • Sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg i rett tid.
  • Innhald:

  • Råd og rettleiing slik at foreldre i størst muleg grad kan fylle foreldreoppgåvene på ein god måte.
  • Hjelpetiltak i heimen basert på ei konkret vurdering av behovet. Innhaldet i hjelpetiltaka vert planlagt i nært samarbeid med familien. Eksemplar på slike tiltak er støttekontakt, avlastingsheim, praktisk rettleiing i heimen, plass i barnehage/ SFO, økonomisk stønad og stimuleringstiltak i barna si fritid.
  • Hjelpetiltak utanfor heimen når det føreligg alvorleg svikt i den daglege omsorga, og hjelpetiltak i heimen ikkje er tenelege. Eksemplar på slike tiltak er bruk av fosterheim og barnevernsinstitusjon.
  • Adopsjon av barn - Barneverntenesta hjelper til med heile adopsjonsprosessen.
  • Omtale av tenesta

    Målgruppe

    • Barn/unge som er under 18 år som oppheld seg i kommunen.
    • Unge inntil fylte 23 år dersom tiltak er iverksett ved fylte 18 år og at vidareføring av tiltak er naudsynt (krev samtykke av den unge sjølv)
    • Foreldre til barn/unge under 18 år.

    Kontaktinformasjon

    Namn

    Helse, sosial og barnevern

    Adresse

    Rådhuset, 4754 Bykle

    Tlf

    37 93 85 00

    E-post

    postmottak@bykle.kommune.no

    Besøksadresse

    Rådhuset, 4745 Bykle

    Ansvarleg eining

    Helse, sosial og barnevern

    Søknadsprosess

    Klagemuligheit

    Du kan klage på alle vedtak, dette i høve til Forvaltningslova § 28. Klagen skal sendast til barneverntenesta, som vidaresender den til Fylkesmannen i Aust Agder. Barneverntenesta hjelper deg med å sette opp og utforme klagen i høve til lova sine krav.

    Serviceerklæring

    Vi lover

  • At barna sitt beste ligg til grunn for alle våre gjeremål.
  • At vi møter deg med respekt og overheld teieplikta.
  • At vi har god kompetanse.
  • At alle bekymringsmeldingar til barneverntenesta vert gjennomgått innan ei veke og undersøkingar skal vere avslutta innan 3 månader.
  • Skriftlege referat frå samtalar og møter med barneverntenesta.
  • At vi samarbeider nært med dei andre kommunane i Setesdalen.

    For at vi skal kunne oppfylle dette

  • Må du halde avtaler, og ringe om du er forhindra frå å kome til avtalte møte.
  • Må du vise respekt for dei barn og vaksne som er med i saka.
  • Må du stiller spørsmål dersom det er noko du er uviss på.
  • Må du behandlar barneverntenesta sine tilsette med respekt.
  • Må du samarbeider for å finne løysningar.
  • Lover og retningsliner

    Lover

    Barneverntenesta arbeider etter Adopsjonslova og Forvaltningslova, Lov om barneverntenester og Lov om barn og foreldre.

    Tjeneste - info 

    Redaktør Sist oppdatert 28.06.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
     

    Untitled [3] 

    Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar