|
|
Tenester i Bykle - kategorisert > Oppvekst, skule og utdanning
Gå til hovedinnhold
Tenestebeskrivelse
Bykle Barne og ungdomsskule
I samarbeid og forståing med heimen skal skolen hjelpe til med å
- Gi elevane god allmennkunnskap
- Utvikle gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.
- Fremje åndsfridom og gi elevane ei kristen og moralsk oppseding
- Utvikle evnene og føresetnadane til elevane
- Gi elevane ei god oppseding
- Legge til rette for gode samarbeidsformer mellom lærar og elev og mellom skule og heim
- Styrke barnas tru på eigne evner
Elevane i Bykle skal oppleve ein skole der dei blir møtt med tillit, ei open haldning, og støtte og utfordringar både i utvikling og læring.
Innhald:
- Grunnskoleopplæring, basert på læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, ”Læreplanverket for kunnskapsløftet”
- Spesialundervisning for elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
- Morsmålsundervisning, tospråklig fagopplæring og særskilt norskopplæring for elevar frå språklege minoritetar, til dei har nok kunnskap i norsk til å følgje den vanlige opplæringa i skolen.
- Skoleskyss for elevar på 2.-10. trinn som bur meir enn 4 km frå skolen. For elevar på 1.trinn er skyssgrensa 2 kilometer. Skysstilbodet gjeld elevar som bur i heilårsbustadar.
- Etter vurdering skoleskyss for elevar som har særlig farleg eller vanskeleg skoleveg, eller elevar som har spesielle behov for skyss.
- Alle elevar på 1. – 4. trinn får tilbod om plass i skulefritidsordninga.
Kommunen er delt inn i to skulekrinsar. Fjellgardane skule er ein 1 – 7 skule, ungdomstrinnet er lagt til Bykle barne- og ungdomsskule, og elevane vil bli skrivne inn ved sin krinsskole.
Målgruppe
Barn og unge
Kriterium
Grunnskoleopplæringa skal til vanleg starte det året barnet fyller 6 år, og vare til barnet har fullført det tiande skoleåret.
Pris
Den offentlege grunnskolen er gratis. Kommunen skal halde elevane med lære- og lesebøker, skrive- og teiknemateriell og anna undervisningsmateriell.
Vi lover
- At barn som skal begynne på skolen, får skriftleg invitasjon i april/mai frå den skolen som eleven høyrer til, og informasjon om grunnskolen før skulestart om hausten.
- Å gi elevane ei opplæring som er tilpassa evnene og føresetnadane deira
- Å møte elevane med tillit, respekt og ei open haldning
- Å sjå til at ein tek vare på elevane sine rettar
- Å kalle inn foreldre/føresette til minst to individuelle samtalar pr.år. Temaet er eleven si faglege og sosiale utvikling. Utover dette har skulane eigne samarbeidsutval mellom skule og foreldre.
- Å gi elevane ein trygg og meiningsfull skolekvardag gjennom eit godt læringsmiljø
- Å legge til rette for gode og tenelege skolebygg og uteområde.
- Godt utstyrte skolar med breiband og god datatilgang
- At skolane har eit system som dokumenterar mål, arbeidsplanar og vurdering av arbeidet.
- At skolane gjennomfører systematisk kartlegging av elevane si faglege utvikling
- At elevane på ungdomstrinnet i Bykle får eit enkelt skolemåltid
- At alle tilsette har teieplikt etter Forvaltningslova § 13.
- At elevane er ulykkesforsikra på skolen, skolevegen og ved arrangement i skolens regi
- At de finn meir om skolane på heimesidene deira
For at vi skal kunne oppfylle dette
- Vere med og sørge for god kommunikasjon mellom heim og skole
- Sjå til at elevane møter på skolen til avtalt tid, med rett utstyr
- Gjere seg kjent med årsplanar, vekeplanar og anna skriftleg informasjon
- Sjå til at avtalt arbeid vert gjort og levert til rett tid
- Gi melding ved sjukdom
- Levere søknad om permisjon ved annan type fråvær
- Tilpasse eigen ferie så langt det er mogleg til skolen sine ferie og fridagar
- Møte til samtalar som skolen kallar inn til •Ta del på arrangement som skolen inviterer til
- Føresette må varsle skolen i god tid dersom dei skal flytte frå kommunen, eller eventuelt bytte skole i kommunen
- Føresette som flyttar til Bykle, må snarast ta kontakt med skulen/kommunen for å avtale tidspunkt for når barn i skulepliktig alder skal møte på skolen m.m.
- Etter § 28 i Forvaltningsloven har foreldre/føresette eller eleven, rett til å klage på eit vedtak som gjeld rettar og plikter som er heimla i opplæringslova. Skriftleg klage sendast til den som har gjort vedtaket.
- Gjennom kontakt med personalet og leiinga på skolen og ved å ta del i skolen sine rådsorgan, kan elever og foreldre/føresette få innverknad på tenesta.
Dersom vi ikkje innfrir
Viss føresette ikkje er nøgde med måten grunnskoletenesta blir utført, vil vi gjerne vite det. Ta kontakt med leiar for eininga.
Lover
Tenesta er heimla i Opplæringslova og forskriftene som høyrer til. Opplæringa er basert på Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen
|
|
|
|
|
| |
|
(Hidden) Andre tenester
Oppvekst, skule og utdanning
Tenester innan oppvekst, skule og utdanning.
|
(Hidden) Tjeneste - punktliste
|
(Hidden) Relaterte artikler
|
(Hidden) Relaterte tjenester
|
(Hidden) Relaterte dokument
|
|
|
|
|