Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Oppvekst, skule og utdanning Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Fjellgardane skule

I samarbeid og forståing med heimen skal skolen hjelpe til med å
  • Gi elevane god allmennkunnskap
  • Utvikle gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.
  • Fremje åndsfridom og gi elevane ei kristen og moralsk oppseding
  • Utvikle evnene og føresetnadane til elevane
  • Gi elevane ei god oppseding
  • Legge til rette for gode samarbeidsformer mellom lærar og elev og mellom skule og heim
  • Styrke barnas tru på eigne evner

Elevane i Bykle skal oppleve ein skole der dei blir møtt med tillit, ei open haldning, og støtte og utfordringar både i utvikling og læring.

Innhald:

  • Grunnskoleopplæring, basert på læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, ”Læreplanverket for kunnskapsløftet”
  • Spesialundervisning for elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få, tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
  • Morsmålsundervisning, tospråklig fagopplæring og særskilt norskopplæring for elevar frå språklege minoritetar, til dei har nok kunnskap i norsk til å følgje den vanlige opplæringa i skolen.
  • Skoleskyss for elevar på 2.-10. trinn som bur meir enn 4 km frå skolen. For elevar på 1.trinn er skyssgrensa 2 kilometer. Skysstilbodet gjeld elevar som bur i heilårsbustadar.
  • Etter vurdering skoleskyss for elevar som har særlig farleg eller vanskeleg skoleveg, eller elevar som har spesielle behov for skyss.
  • Alle elevar på 1. – 4. trinn får tilbod om plass i skulefritidsordninga.

Kommunen er delt inn i to skulekrinsar. Fjellgardane skule er ein 1 – 7 skule, ungdomstrinnet er lagt til Bykle barne- og ungdomsskule, og elevane vil bli skrivne inn ved sin krinsskole.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Barn og unge

Kriterium

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg starte det året barnet fyller 6 år, og vare til barnet har fullført det tiande skoleåret.

Pris

Den offentlege grunnskolen er gratis. Kommunen skal halde elevane med lære- og lesebøker, skrive- og teiknemateriell og anna undervisningsmateriell.

Kontaktinformasjon

Namn

Fjellgardane Skule

Adresse

Boks 84, 4756 Hovden i Setesdal

Tlf

37 93 86 31

E-post

askild.johnsen@bykle.kommune.no

Besøksadresse

Fjellgardane skule, 4755 Hovden i Setesdal

Ansvarleg eining

Fjellgardane Skule

Serviceerklæring

Vi lover

  • At barn som skal begynne på skolen, får skriftleg invitasjon i april/mai frå den skolen som eleven høyrer til, og informasjon om grunnskolen før skulestart om hausten.
  • Å gi elevane ei opplæring som er tilpassa evnene og føresetnadane deira
  • Å møte elevane med tillit, respekt og ei open haldning
  • Å sjå til at ein tek vare på elevane sine rettar
  • Å kalle inn foreldre/føresette til minst to individuelle samtalar pr.år. Temaet er eleven si faglege og sosiale utvikling. Utover dette har skulane eigne samarbeidsutval mellom skule og foreldre.
  • Å gi elevane ein trygg og meiningsfull skolekvardag gjennom eit godt læringsmiljø
  • Å legge til rette for gode og tenelege skolebygg og uteområde.
  • Godt utstyrte skolar med breiband og god datatilgang
  • At skolane har eit system som dokumenterar mål, arbeidsplanar og vurdering av arbeidet.
  • At skolane gjennomfører systematisk kartlegging av elevane si faglege utvikling
  • At elevane på ungdomstrinnet i Bykle får eit enkelt skolemåltid
  • At alle tilsette har teieplikt etter Forvaltningslova § 13.
  • At elevane er ulykkesforsikra på skolen, skolevegen og ved arrangement i skolens regi
  • At de finn meir om skolane på heimesidene deira

For at vi skal kunne oppfylle dette

  • Vere med og sørge for god kommunikasjon mellom heim og skole
  • Sjå til at elevane møter på skolen til avtalt tid, med rett utstyr
  • Gjere seg kjent med årsplanar, vekeplanar og anna skriftleg informasjon
  • Sjå til at avtalt arbeid vert gjort og levert til rett tid
  • Gi melding ved sjukdom
  • Levere søknad om permisjon ved annan type fråvær
  • Tilpasse eigen ferie så langt det er mogleg til skolen sine ferie og fridagar
  • Møte til samtalar som skolen kallar inn til •Ta del på arrangement som skolen inviterer til
  • Føresette må varsle skolen i god tid dersom dei skal flytte frå kommunen, eller eventuelt bytte skole i kommunen
  • Føresette som flyttar til Bykle, må snarast ta kontakt med skulen/kommunen for å avtale tidspunkt for når barn i skulepliktig alder skal møte på skolen m.m.
  • Etter § 28 i Forvaltningsloven har foreldre/føresette eller eleven, rett til å klage på eit vedtak som gjeld rettar og plikter som er heimla i opplæringslova. Skriftleg klage sendast til den som har gjort vedtaket.
  • Gjennom kontakt med personalet og leiinga på skolen og ved å ta del i skolen sine rådsorgan, kan elever og foreldre/føresette få innverknad på tenesta.

    Dersom vi ikkje innfrir

  • Viss føresette ikkje er nøgde med måten grunnskoletenesta blir utført, vil vi gjerne vite det. Ta kontakt med leiar for eininga.

Lover og retningsliner

Lover

Tenesta er heimla i Opplæringslova og forskriftene som høyrer til. Opplæringa er basert på Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 10.10.2007 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar