Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Oppvekst, skule og utdanning Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Elevar - det psykososiale arbeidsmiljøet

Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn dersom dei får kjennskap til eller mistanke om mobbing, vald, rasisme eller anna krenkjande åtferd. Skulen har plikt til å ta stilling til oppmodingar om tiltak frå elevar og føresette som gjeld det psykososiale miljøet, og skal innan rimeleg tid gjere skriftleg vedtak.

Omtale av tenesta

Målgruppe

    • Elevar i grunnskolen og vidaregåande skole
    • Elevar som nyttar skolefritidsordninga

Kontaktinformasjon

Namn

Informasjonen

Adresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

37 93 85 00

E-post

postmottak@bykle.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

Fjellgardane Skule

Søknadsprosess

Rettleiing

Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det psykososiale miljøet.

Klagemuligheit

Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer eit vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skulen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 15.04.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar