Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Landbruk, næring og utmark Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold eller katastrofeprega tap av sau på beite.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved
- avlingssvikt
- vinterskadar på eng
- svikt i honningproduksjonen

Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Landbruksføretak som
- er registrerte i Einingsregisteret
- er registrerte som meirverdiavgiftspliktige
- kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Føretak med honningproduksjon som ikkje er registrerte som meirverdiavgiftspliktige, kan likevel få erstatning dersom dei har hatt ein omsetnad på minst 20 000 kroner innanfor honningproduksjon dei siste tolv månadene før tapet oppstod.

Kriterium

Du får ikkje dekt tapet gjennom ei vanleg forsikringsordning eller på annan måte. For skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at du gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at du vil få eit tap.

Kontaktinformasjon

Namn

Informasjonen

Adresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

37 93 85 00

E-post

postmottak@bykle.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

Rådmannsstaben

Søknadsprosess

Rettleiing

Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Statens landbruksforvaltning. Skjemaet sendar du til kommunen.

Søknadsfrist

Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:
- ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
- ved vinterskade på eng, 15. juli det året skaden har oppstått
- ved svikt i honningproduksjon, 31. oktober det året skaden har oppstått

Erstatning ved katastrofetap er tre månader etter at skaden blei oppdaga eller burde vore oppdaga. For katastrofetap av sau på beite er søknadsfristen sett til 31. desember det året tapet har oppstått.

Handsaming

Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Fylkesmannen, som avgjer saka.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Fylkesmannen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Merknader

Du kan av økonomiske grunnar og etter særskild søknad få eit forskott på inntil 50 % av den pårekna erstatninga for avlingssvikt.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 28.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar