Alle kan søkje Husbanken om grunnlån til oppføring av ny bustad. Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og miljø. Det vil seie at huset du ønskjer å byggje, mellom anna
- må vere lagt til rette for livsløpsstandard
- ha redusert energibehov
- bestå av miljøvennlege materialar
I somme distrikt kan ein i nokre tilfelle vike frå kvalitetskrava.