Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Helse og Legetenester Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Behandlingsreise til utlandet

Behandlingsreise til utlandet er eit supplement til ulike behandlingstilbod som finst i Noreg. Dei fleste behandlingane skjer i Spania, Tyrkia, Serbia, Montenegro og på Kanariøyane.

Omtale av tenesta

Målgruppe

~

Personar som har

  • astma, kroniske lungesjukdommar og atopisk eksem (born og unge)
  • psoriasis
  • betennelsesaktig revmatisk sjukdom
  • seinskadar etter poliomyelitt (postpolio)

Kriterium

Du må ikkje lide av andre alvorlege sjukdommar som til dømes

  • angina pectoris / nyleg hatt hjarteinfarkt
  • hjartesvikt
  • ubehandla høgt blodtrykk
  • kreftsjukdom (det skal gå tre år etter avslutta behandling)
  • alvorlege psykiske lidingar

Legen vil kunne gje deg fleire opplysningar om kva for sjukdommar som kan hindre deg i å reise. Alle som søkjer må i utgangspunktet kunne greie seg sjølve.

Pris

Du må betale ein eigendel. Born og ungdom betaler ingen eigendel.

Samarbeidspartnarar

Rikshospitalet Helseføretaka

Kontaktinformasjon

Namn

Bykle Legekontor

Adresse

Legekontoret, 4754 Bykle

Tlf

37 93 86 70

E-post

legekontoret@bykle.kommune.no

Besøksadresse

Legekontoret, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

Helse, sosial og barnevern

Søknadsprosess

Rettleiing

Hos NAV Trygd får du søknadsskjema (to eksemplar) som du tek med deg til legen. Det eine skjemaet blir fylt ut av legen, det andre fyller du ut sjølv

Vedlegg

Epikrise frå revmatolog (ikkje eldre enn fem år) og andre viktige opplysningar som kan vere viktige

Søknadsfrist

  • For psoriasis må søknaden ikkje vere eldre enn tre månader ved avreise
  • For vaksne med revmatisk sjukdom: 1. februar og 1. oktober
  • For born/unge med revmatiske sjukdommar: 1. november
  • For seinskadar etter polio: 1. november

Handsaming

Søknaden blir medisinsk vurdert av ein lege i Behandlingsreiser.

Klagemuligheit

Det er ikkje høve til å klage, men du kan sende inn tilleggsopplysningar som kan endre prioriteringa.

Lover og retningsliner

Lover

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 08.07.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar