Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenester i Bykle - kategorisert > Bustad og eigedom, tilskot og lån Gå til hovedinnhold

Tenestebeskrivelse 

Bustønad

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge bukostnader. Det blir stilt enkelte krav til husstanden og til bustaden. Ordninga er behovsprøvd.

Omtale av tenesta

Målgruppe

    • barnefamiliar
    • trygda
    • sosialt vanskelegstilte
    • personar med introduksjonsstønad
    • personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av NAV-kontor

Kriterium

Krav til husstanden:

Husstanden har låge inntekter og høge bukostnader. Studentar og militære er ikkje med i ordninga. Studentar som har eige barn eller som deltar i kvalifiseringsprogram eller attføring, kan få bustønad likevel.

Krav til bustaden:

  • Bustaden må vere godkjent som heilårsbustad
  • Bustaden må vere ein sjølvstendig bustad og ha eigen inngang
  • Bustaden må ha eige bad og toalett og det må vere høve til å kvile og å lage mat

I spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå utleigebustader som kommunen disponerer, som bufellesskap og liknande.

Samarbeidspartnarar

Bustønad er ei statleg stønadsordning som blir administrert av Husbanken og kommunen eller NAV. Dette varierer frå kommune til kommune.

Kontaktinformasjon

Namn

NAV - Bykle

Adresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Tlf

37 41 96 00

E-post

nav.bykle@nav.no

Besøksadresse

Rådhuset, 4754 Bykle

Ansvarleg eining

Helse, sosial og barnevern

Søknadsprosess

Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad om bustønad. Søknadsskjema kan du få av kommunen eller laste ned frå internett, sjå lenkje under.

Søknadsfrist

Den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer ca. den 10. i den etterfølgjande månaden. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagt til grunn for utrekninga av bustønaden.

Handsaming

Kommunen tar imot søknadene, registrerer dei og har den løpande kontakten med deg. Maskinelt blir det henta inn opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel Folkeregisteret, Likningsregisteret og NAV. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.

Har du fått innvilga bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad, men du må melde frå om endringar som har noko å seie for stønadsforholdet. Dersom du flyttar, må du søkje på nytt og gje nye opplysningar.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til bustønadskontoret i kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Hugs alltid å føre opp namn, adresse, fødselsnummer og bustadkommune. Klagen må vere underteikna. Alle klagar blir behandla av Husbanken (ved det respektive regionkontoret), og behandlingstida er ca. tre månader.

Lover og retningsliner

Lover

Husbanken/kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta

Tjeneste - info 

Redaktør Sist oppdatert 20.05.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 

Untitled [3] 

Turisme og reiseliv med flagg, Fotograf: Redaktør Handel og Næring, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Handel og Næring Lag og Organisasjonar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Lag og Organisasjonar Om Bykle, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Om Bykle Hyttebyklar, Fotograf: Bykle kommune, Copyright: Bykle kommune, Hyttebyklar