For å kome i gang:
•           Last ned appen eBokBib frå App store eller Google play.
•           Logg inn med lånenummer og pinkode. (Kontakt eit bibliotek i Agder dersom du manglar lånekort og/eller pinkode)
•           Lån bøker.

Lånetid er 3 veker. Du kan levere tilbake boka når du ønskjer, eller den forsvinn av seg sjølv etter 3 veker.

Du kan også låne og høyre lydbøker i appen. Sal av lydbøker til bibliotek i Norge startar opp i nær framtid. Utvalet er foreløpig lite men vi bygg opp samlinga etter kvart som fleire titlar kjem i sal til bibliotek.

Meir informasjon, instruksjonsfilm og oversikt over ofte stilte spørsmål på ebokbib.no

Vi gjer merksam på at reserveringar som er lagt inn via bibliotek24.no / BS weblån-appen ikkje vert med over i nytt system.

Ønskjer du kontakt med oss? Stikk innom eit av biblioteka i Agder, eller still spørsmål til E-lån Agder på Facebook.  eBokBib har også ein konto på Twitter som drives av systemleverandøren. 

God bok!