Bykle kommune sin visjon er at Bykle ser langt! Vi ynskjer fleire folk som buset seg og vi må ha arbeidsplassar. Vi treng nye bustadområde og næringsområde, og i Hovden Sør vil vi no kunne utnytte potensiale til fleire fritidsbustader.
 Arealplanlegging er å balansere utbyggingsområde med område som er bandlagde til ulike føremål. Mykje av arealet i Bykle er villreinareal. Vi vedtek no regionalplan for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei som bindande  med kart og føresegner. 
Vi ynskjer at reiselivet skal utviklast vidare. Hovden  er ein viktig vinterdestinasjon i Agder, og må også utviklast til å bli ein ettertrakta heilårsdestinasjon.

 

Høyringsframlegget har desse dokumenta:

Planskildring

Føresegner og retningslinjer

Byggeskikkrettleiar som vert innarbeidd i retningslinjene

Konsekvensutgreiing

Sti- og løypeplan med konsekvensutgreiing

Vedtak i kommunestyret

 

Kart

Kart over heile kommunen med omsynsoner_A1

Kart over Hovden_A3

Kart over Hovden Sør_A3

Kart over Bykle_A3

 

Her kan du sjå web-kartet som er laga til høyringa:

https://kommunekart.com/klient/setesdal/kommuneplanrullering_bykle

 

Her kan du sjå styringsgruppa sine vurderingar av innspela:

Innspel med vurderingar

 

Merk!

Kommunestyret vedtok i møtet at to nye løypetrasèar vert innarbeidd i kartet:

  • Opparbeiding av sommarveg mellom dagens lysløype i Bykle og Støyldalsvegen.
  • Sommarveg/turløype mellom Byklelii og Stavenes.

Desse kjem inn på kartet- og det vert utarbeidd konsekvensutgreiing etter ferien.