Kartforretning, oppmåling av tomt
Frå 01.01.2010 vart Matrikkellova innført. Målebrev er erstatta med matrikkelbrev. Før delingslova vart innført i 1980 vart eigedomar delt ved skyldskifteforretningar. Då vart det utstedt eit skyldskiftedokument som forklarte korleis eigedomen vart skipa. Med omtrentleg størrelse, grenser og ikkje koordinatfesta.

Ny tomt
Ynskjer ein å dele frå ei ny tomt må ein søkje kommunen. Me treng ikkje eit eige skjema for dette, men det må komme tydeleg fram kva du ynskjer. Du må leggje ved kart, som du kan skrive ut her. Har du naboar må desse varslast. Du bør tenke gjennom korleis du ønskje at tomta skal sjå ut før du søkjer. Kommunen opprettar eigedomen og gjev den matrikkelnummer slik som gardsnummer/bruksnummer/festenummer/seksjonsnummer. Etter oppmåling blir eigedomen matrikulert og tinglyst. Denne tinglysinga går på oppretting av eigedomen, og har ikkje noko med heimelsovergang ved sal å gjere. Det har du sjølv ansvar for. Kontakt kommunen for spørsmål.

Grensejustering
Grensejustering er som ordet seier ei justering av grensa. Dette gjeld ved mindre endringar av grensa. Arealet som byter eigedom må vere mindre enn 5% av den minste eigedomen.

Arealoverføring
Arealoverføring brukast der det arealet som skal overførast er for stort til grensejustering. Dette må ein søkje om til kommunen, og søknaden må innehalde det same som ein delingssøknad. I tillegg må søknaden innehalde skjemaet «Erklæring om arealoverføring». Det må leggjast ved ein oversikt over hefte på eigedomane og korleis dei skal handsamast. Er det pant må pantefråfall frå banken liggje med.

Eksisterande tomt
Eig ein ein eigedom som vart oppretta før 1980, og den heller ikkje har vore oppmålt etter det, kan/bør ein rekvirere oppmåling av eigedomen. Dette er ikkje ein søknad men ein rekvisisjon. Den som eig eller festar ein eigedom kan rekvirere oppmålinga. Legg ved skyldskiftedokumentet frå dengong eigedomen vart skipa, denne kan ein bestille hjå Statens Kartverk, tinglysinga. Legg ved kart som visar kor du meiner grensene går, så godt du kan. Du bør i god tid før oppmålinga ha sjekka om du kan finne gamle grenseboltar. Det er mange gode grunnar for å få oppmålt tomta slik at ein får grensene koordinatbestemt. Då er grensene sikra for ettertid sjølv om ein eller fleire boltar skulle forsvinne ved uhell, ved graving for vei, vatn og kloakk, eller ved andre tilfeller. Ved utviding av hytte/bustad kan det vere eit krav frå byggesakshandsamar at tomta er koordinatbestemt for å vite korleis tomta ser ut og om påbygg vil vere innafor reglane.

Samanføying av eigedom
Mange har to eller fleire eigedomar som ligg inntil kvarandre. Desse kan, og i mange høve bør, samanføyast. Her må det sendes inn et skjema som heter «Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar», eller kontakt kommunen. Dette skjemaet må ha underskrifter i original, ikkje kopi, etter krav frå Statens Kartverk, tinglysinga.

Retting av grensar
Det kan forekome feil Matrikkelen. Dette ynskjer me å rette opp, så om du ser/veit om feil i eigedomskartet så ta kontakt med kommunen. Om du krev retting, så må vi ha dokumentasjon som viser kva som er rett. Som regel må ein også ha underskrift av rørde partar om at dei er einig i rettinga.