Du er her: Heim > Politikk > Ordførar

Ordførar i Bykle kommune

Eg heiter Jon Rolf Næss og vart vald til ordførar for perioden 2011- 2015 og gjenvalgt for perioden 2015 - 2019. Eg representerar Arbeidarpartiet og vi har eit fleirtal saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre 

Eg kom til Hovden og til Bykle kommune i 1988 og eg har jobba som lærar på Setesdal vidaregåande skule avd. Hovden fram til eg blei ordførar hausten 2011.

Bykle er ein distriktskommune med i underkant av 1000 innbyggjarar og over 1500 km2 areal. Dei store naturressursane våre er til glede for både fastbuande og turistar. Enorme urørte areal som ligg høgt over havet og som kan gje oss store naturopplevingar gjennom heile året!  Naturen gjev oss også inntekt og arbeidsplassar gjennom kraftproduksjon og reiseliv.

Det er lett å like seg i Bykle!  Det kan vi sjå gjennom den vidaregåande skulen vi har på Hovden. Som gamal lærar treff eg stadig tidlegare elevar som etter avslutta utdanning får seg jobb og busett seg i kommunen!  Difor er ei av dei største utfordringane å skaffe arbeidsplassar i privat sektor; folk vil gjerne flytte til Bykle viss vi har jobb til dei!

Å bu og jobbe i Bykle var for meg og min familie eit godt val! Ungane vaks opp i eit trygt og godt nærmiljø, med gode naboar og fantastisk natur!

Bykle kommune har for oss dei kvalitetane vi ynskjer, og å vere ordførar i ein slik kommune er eit privilegium. Leitar du etter dei same kvalitetane så kan kanskje Bykle vere eit alternativ? Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Jon Rolf Næss – ordførar

Kontaktinformasjon

Bykle kommune, rådhuset,
4754 Bykle
T: 37 93 85 11
M: 928 34 567

jon.rolf.naess@bykle.kommune.no
 

Jon Rolf Næss.jpg

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS