På begge sider av dalføret er det verna område som villreinen treng som beite. Vinteren er særleg vanskeleg for dyra med snø og is i beiteområda.  Dette kan kome i konflikt med preparerte vinterløyper.  Gjennom prosjektet adaptiv løypeforvalting, ønskjer vi å prøve å tilpasse prepareringa slik at det ikkje oppstår konfliktar mellom menneske og villrein. I denne samanheng har vi laga ei kort spørjeundersøking. 


Vi håper du tek deg tid til å svare på nokre enkle spørsmål ved å fylgje lenka under. Merk at alle spørsmål gjeld preparerte skiløyper. Enkelte av resultata kan bli nytta i ein bacheloroppgåve. Din identitet vil holdast skjult. 

Svarfrist 15. mai 2018


Undersøkelsen