Samstundes arbeider vi systematisk for å auke vår attraktivitet, slik at vi kan trekkje til oss nye innbyggjarar.  Vi er opptekne av å yte gode kommunale tenester til alle brukarar i alle aldersgrupper. Her er full barnehagedekning med løpande opptak, og sterkt fokus på auka læringsutbytte i skulane våre.

Vi er også opptekne av å sikre at alle som har trong for helsetenester, samt pleie og omsorg, får dei tenestene dei treng, når dei treng det.

Kultur er eit viktig element for å fremje trivnad, bulyst og vekst. Eit rikt og mangfaldig organisasjonsliv, kombinera med målretta kommunal satsing på kulturskule, kulturbygg og aktivitetsanlegg gjer det mogeleg å vere aktiv innforbi mange aktivitetsområde.

Godt utbygd infrastruktur er sikra gjennom moderne vatn- og kloakkanlegg, fibernett i heile kommunen og gode kommunale vegar.  Næringslivet er viktig for kommunen. Positiv næringsutvikling er ein føresetnad for ei god folketalsutvikling. Vi jobbar derfor målretta, gjennom offensivt planarbeid, god infrastruktur og aktivt næringsarbeid for å sikre eksisterande arbeidsplassar og stimulere til nyetableringar.

Vi er ikkje mange i Bykle, men saman er vi sterke. Framtida er vår.

Tallak Hoslemo
rådmann