Kommunestyret i Bykle har i møte 16.11.17 vedtatt endring av reguleringsplan for Hovden aust (planid 200509) -  Remestøylflotti hyttegrend - endring av tomtegrense for gnr 2 bnr 1 fnr 173  på Hovden.
Planendringa inneber endring av tomtegrense mot gnr 2  bnr 1447.
Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune for dei som er part i saka eller har rettsleg klagerett. Klagefrist er 19.12.2017.

Eventuelle klagar sendast Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no
Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på. Gjerne med saksnummer, kva klaga gjeld, og grunngjeving for klaga.