Barn

Grunnskulen i Bykle


Bykle kommune har to kommunale grunnskular:

Fjellgardane skule og Bykle barne- og ungdomsskule.

Skulane i Bykle satsar systematisk på å utvikle eit godt læringsmiljø. Eit tiltak er at begge skulane er aktive PALS- skular.

PALS er eit skuleomfattande system som stør både læringsutbytte og læringsmiljø. Skulane har også arbeidd mykje med lesing, og brukar rettleia lesing på alle trinn.


Vurdering for læring.
Bykle kommune, Fjellgardane skule og Bykle barne- og ungdomsskule har no starta opp eit nytt to-årig prosjekt som heiter Vurdering for læring der mange kommunar i heile landet deltek. Hovudpoenget her er at lærarane skal vidareutvikle den praksisen ein har i dag når det gjeld å gje elevane tilbakemeldingar på det læringsarbeidet dei gjer. Eit anna poeng er at elevane sjølve også skal vurdere sitt eige arbeid og saman med læraren finne fram til kva som kan gje  ei endå betre utvikling. Staten gjev midlar til ei slik satsing fordi forskning viser at gode tilbakemeldingar og gode rutinar for tilbakemeldingar frå lærar til elev er ein av dei mest effektive måtane å styrke elevane sitt utbytte av opplæringa på. Bygland og Evje og Hornnes er også med i same satsinga og skal ha eit visst samarbeid med Bykle undervegs.  

Les ein litt om det som blir kalla Vurdering for læring, kjem ein fort borti dei 4 prinsippa for vurderingsarbeid for elevane:

1. Forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei.
2. Får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen.
3. Får råd om korleis dei kan forbetre seg.
4. Er involvert i eige læringsarbeid ved blant anna å vurdere eige arbeid og utvikling.
 

Kontaktinformasjon

Tenesteleiar/rektor - Bykle
Rønnaug Torvik
ronnaug.torvik@bykle.kommune.no
T: 37 93 86 21
M: 48 89 43 17
T lærarrom: 37 93 86 28
Bykle barne- og ungdomsskule / SFO


Tenesteleiar/rektor - Hovden
Askild Johnsen
askild.johnsen@bykle.kommune.no
T: 37 93 86 31
M: 913 55 707
T lærarrom: 37 93 86 34
Fjellgardane skule / SFO

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS