Kommunestyret har løyvd kr. 100.000,- til oppfølging av kulturminneplan.
Private eigarar av kulturminne kan søkje om tilskott til oppfølging av dei kulturminna som er prioritert i kulturminneplanen. Planen finn du her:
http://www.bykle.kommune.no/kulturminneplan.426865.nn.html

Når det gjeld SMIL-midlar så disponerer kommunen ein pott på totalt kr. 202.000,- for 2018.
SMIL-ordninga er avgrensa til søkjarar som er berettiga produksjonstilskot, altså dei bruka som er i aktiv drift.
Tiltak det kan søkjast på (ikkje uttømmande):

  • Tiltak som tek vare på gamal kulturmark og legg til rette for oppleving i kulturlandskapet
  • Tiltak som tek vare på verneverdige kulturminne knytt til jordbrukslandskapet
  • Tiltak til som reduserer ureining frå jordbruket til jord, luft og vatn. Til dømes tetting av gjødselskjellar

Meir info om SMIL-ordninga og søknadsskjema:
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/om-tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket
 

Søknadsfrist for begge ordningane er 1. august.

Dei som alt har søkt, treng ikkje søke på nytt.
Søknad sendast til postmottak@bykle.kommune.no eller til Rådhuset, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.

bilde.jpg